2. Kongebok 9:10-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Jesabel skal hundane eta opp på Jisreel-sletta; ingen skal gravleggja henne.» Så opna profetlæresveinen døra og rømde sin veg.

11. Då Jehu kom ut til dei andre som tente herren hans, spurde dei han: «Er alt vel? Kvifor kom han til deg, denne galningen?» Han svara: «De kjenner då både han og pratet hans!»

12. Men dei sa: «Det er løgn! Fortel oss kva han sa!» Då sa han: «Ord for ord sa han til meg: Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel.»

13. Då skunda dei seg, tok kvar si kappe og la under han på trappestega. Så bles dei i horn og ropa: «Jehu er konge!»

14. Slik fekk Jehu, son til Josjafat, son til Nimsji, i stand ei samansverjing mot Joram. Kong Joram og heile Israel hadde forsvara Ramot i Gilead mot aramearkongen Hasael.

15. No hadde Joram vendt attende til Jisreel og ville få lækt såra som aramearane hadde gjeve han då han kjempa mot Hasael, kongen i Aram.No sa Jehu: «Vil de som eg, så lat ingen sleppa ut av byen og gå til Jisreel for å fortelja om dette.»

16. Så steig Jehu opp i vogna si og køyrde til Jisreel, der Joram låg sjuk. Kongen i Juda, Ahasja, var komen dit ned; han ville sjå til Joram.

17. Då vaktmannen som stod oppi tårnet i Jisreel, fekk sjå Jehu koma med flokken sin, ropa han: «Eg ser ein heil flokk!» Joram svara: «Få tak i ein ryttar og send han for å møta dei; han skal spørja om dei kjem i fredeleg ærend.»

18. Ryttaren reid til møtes med dei og ropa: «Kongen spør: Kjem de i fredeleg ærend?» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!» Då sa vaktmannen frå: «Bodberaren har nådd fram til dei, men han kjem ikkje tilbake.»

19. Så sende kongen ein annan ryttar. Då han kom fram til dei, ropa han: «Kongen spør om de kjem i fredeleg ærend.» Jehu svara: «Kva skil det deg om vi kjem i fredeleg ærend? Snu om og følg etter meg!»

2. Kongebok 9