1. Profeten Elisja kalla til seg ein av profetlæresveinane og sa: «Bind kjortelen om livet, ta med deg denne oljekrukka og gå til Ramot i Gilead!
2. Når du kjem dit, skal du finna Jehu, son til Josjafat, son til Nimsji. Gå inn, få han vekk frå dei andre. Ta han med deg inn i det inste rommet!
3. Ta oljekrukka, slå olje over hovudet hans og sei: Så seier Herren: Eg har salva deg til konge over Israel. Så skal du opna døra og koma deg unna så fort du kan.»
4. Profetlæresveinen, som berre var ein unggut, drog av stad til Ramot i Gilead.
5. Då han kom dit, såg han hærførarane sitja saman. «Eg har noko å seia deg, hærførar», sa han. «Kven av oss gjeld det?» spurde Jehu. «Deg, hærførar», svara han.
6. Då reiste Jehu seg og gjekk inn i huset. Profetlæresveinen slo olje over hovudet hans og sa til han: «Så seier Herren, Israels Gud: Eg har salva deg til konge over Herrens folk, over Israel.
7. Du skal gjera ende på huset til herren din, Ahab. Eg vil ta hemn over Jesabel for drapet på profetane, tenarane mine, alle Herrens tenarar som leid døden.
8. Heile Ahabs hus skal gå til grunne. Eg vil rydda ut alle mannfolk, både fange og fri, av Ahabs hus i Israel.
9. Eg vil gjera med Ahabs hus som eg gjorde med huset til Jeroboam, son til Nebat, og med huset til Basja, son til Ahia.
10. Jesabel skal hundane eta opp på Jisreel-sletta; ingen skal gravleggja henne.» Så opna profetlæresveinen døra og rømde sin veg.