2. Kongebok 4:6-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Då kara var fulle, sa ho til ein av sønene: «Lat meg få eit kar til!» Men han svara: «Her er ikkje fleire.» Då heldt oljen opp med å renna.

7. Ho gjekk og fortalde dette til gudsmannen. Han sa: «Gå av stad og sel oljen, og betal skulda di! Så kan du og sønene dine leva av det som blir att.»

8. Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som inntrengjande bad han om å eta hos seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór forbi.

9. Ein gong sa ho til mannen sin: «Høyr her! Eg veit at han som støtt kjem innom oss, er ein heilag gudsmann.

10. Lat oss laga eit lite takkammer til han og setja inn ei seng, eit bord, ein stol og ein lysestake. Så kan han ta inn der når han kjem til oss.»

11. Ein dag profeten kom dit, tok han inn i takkammeret og la seg der.

12. Så sa han til Gehasi, tenaren sin: «Rop på denne Sjunem-kvinna!» Tenaren ropa på henne, og ho kom bort til han.

13. Elisja sa til han: «Sei til henne: Høyr, du har hatt mykje bry for vår skuld. Kva kan vi gjera for deg? Kan vi leggja inn eit godt ord for deg hos kongen eller hærføraren?» Men ho svara: «Eg bur då midt iblant mitt eige folk.»

14. «Kva kan eg då gjera for henne?» spurde profeten. Gehasi svara: «Ho har ingen son, og mannen hennar er gammal.»

15. Då sa Elisja: «Rop på henne!» Han ropa på henne, og ho kom og vart ståande i døropninga.

16. Profeten sa: «Når tida er inne, skal du ha ein son i armane.» Men ho svara: «Nei, herre, du som er ein gudsmann, lyg for tenestekvinna di!»

17. Kvinna vart med barn, og då tida var inne, fekk ho ein son, slik Elisja hadde sagt henne.

18. Guten voks opp, og ein dag gjekk han ut til far sin og onnefolket.

19. Då sa han til faren: «Hovudet mitt, hovudet mitt!» Då sa faren til tenesteguten: «Ber han heim til mor hans!»

20. Han tok og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han.

21. Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så lét ho att døra og gjekk ut.

22. Kona ropa på mannen sin og sa: «Send meg ein av tenestegutane med eit esel! Eg må skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.»

23. Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då verken nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Uroa deg ikkje!»

24. Så sala ho eselet og sa til tenesteguten: «Driv det av garde, og stopp meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»

25. Så tok kvinna i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han såg henne langt borte, sa han til Gehasi, tenaren sin: «Sjå, der kjem kvinna frå Sjunem!

26. Spring straks til møtes med henne og sei: Står det bra til med deg og mannen din og guten?» «Ja, det står bra til», svara ho.

2. Kongebok 4