2. Kongebok 3:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Elisja sa til Israels-kongen: «Kva har du og eg med kvarandre å gjera? Gå til profetane åt far din og mor di!» Men Israels-kongen svara: «Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane ut for å gje dei i hendene på moabittane.»

14. Då sa Elisja: «Så sant han lever, han som eg tener, Herren over hærskarane: Var det ikkje for Juda-kongen Josjafats skuld, ville eg ikkje ensa deg eller sjå på deg.

15. Men hent no ein som kan spela for meg!» Medan han spela, kom Herrens hand over Elisja.

16. Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft i elveleiet her!

17. For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal dette elveleiet fyllast med vatn. De skal få å drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

18. Men dette er lite i Herrens auge. Han vil òg gje moabittane i dykkar hender.

19. De skal ta kvar festningsby og kvar utvald by, hogga kvart frukttre og tetta kvar vasskjelde. Og alle gode jordstykke skal de øydeleggja med stein.»

20. Morgonen etter, på den tid grødeofferet blir bore fram, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn.

2. Kongebok 3