2. Kongebok 21:13-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Eg vil spenna ut same målesnora over Jerusalem som over Samaria og bruka same vektloddet som mot Ahabs hus. Eg vil tørka Jerusalem bort som når ein tørkar av eit fat og snur det opp ned.

14. Eg forkastar den siste rest av folket mitt. Eg gjev dei over i hendene på fiendane deira, så dei alle kan røva og plyndra dei.

15. Slik skal det gå fordi dei har gjort det som vondt er i mine auge. Dei har gjort meg rasande frå den dagen fedrane deira gjekk ut av Egypt, og til denne dag.

16. Manasse lét så mange uskuldige døy at han fylte Jerusalem med blod frå ende til annan. Han fekk òg judearane med på si synd, og dei gjorde det som vondt var i Herrens auge.

17. Det som elles er å seia om Manasse og alt han utretta og den synda han gjorde, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

18. Manasse gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Ussa-hagen, som låg like ved slottet hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.

19. Amon var tjueto år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år. Mor hans heitte Mesjullemet og var dotter til Harus frå Jotba.

20. Amon gjorde det som vondt var i Herrens auge, slik Manasse, far hans, hadde gjort.

21. Han følgde i eitt og alt den same vegen som far sin. Han dyrka dei same avgudane som faren og bøygde seg og tilbad dei.

22. Han forlét Herren, sine fedrars Gud, og vandra ikkje på Herrens veg.

23. Mennene til Amon svor seg saman mot han, og dei drap kongen i hans eige hus.

24. Men folket i landet slo i hel alle som hadde svore seg saman mot kong Amon, og så tok dei Josjia, son hans, til konge etter han.

25. Det som elles er å seia om Amon og det han utretta, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

26. Amon vart lagd i grava si i Ussa-hagen, og Josjia, son hans, vart konge etter han.

2. Kongebok 21