2. Kongebok 21:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Manasse var tolv år gammal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år. Mor hans heitte Hefsiba.

2. Manasse gjorde det som vondt var i Herrens auge, og tok etter alle avskyelege skikkar hos dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.

3. Han bygde opp att offerhaugane som far hans, Hiskia, hadde øydelagt. Han reiste altaret for Baal og laga ein Asjera-påle, slik Ahab, kongen i Israel, hadde gjort. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.

4. Sjølv i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem vil eg la namnet mitt bu.»

5. I begge føregardane til tempelet bygde han altar for heile himmelhæren.

6. Manasse lét son sin gå gjennom elden. Han dreiv med teikntyding og spådomskunster og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens auge, og gjorde han rasande.

7. Asjera-skulpturen som Manasse fekk laga, sette han i tempelet, sjølv om Herren hadde sagt til David og Salomo, son hans: «I dette tempelet og i Jerusalem, som eg har valt ut mellom alle Israel-stammane, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.

8. Og eg vil aldri meir la Israel vandra heimlaus, langt bort frå landet eg gav fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei, og lever etter den lova som Moses, tenaren min, gav dei.»

9. Men dei ville ikkje høyra, og Manasse førte dei vill, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rydda ut for israelittane.

2. Kongebok 21