2. Kongebok 19:13-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Kvar er no kongane i Hamat og Arpad, kongen i byen Sefarvajim og kongane i Hena og Ivva?»

14. Då Hiskia hadde teke imot og lese brevet som sendemennene hadde med seg, gjekk han opp til Herrens hus og breidde det ut for Herrens andlet.

15. Hiskia bad til Herren og sa: «Herre, Israels Gud, du som tronar over kjerubane. Du åleine er Gud over alle kongerike på jorda, du som skapte himmelen og jorda.

16. Herre, vend øyret til og høyr! Herre, lat opp auga og sjå! Høyr dei orda som Sanherib har sendt for å håna den levande Gud.

17. Herre, det er sant at kongane av Assur har lagt både land og folkeslag øyde

18. og kasta gudane deira på elden. Men dei er ikkje gudar, berre verk av menneskehender, laga av tre og stein. Dei har dei øydelagt.

19. Men du, Herre, vår Gud, frels oss no frå handa hans, så alle kongerike på jorda kan skjøna at du, Herre, berre du er Gud.»

20. Då sende Jesaja, son til Amos, dette bodet til Hiskia: Så seier Herren, Israels Gud: Eg har høyrt den bøna du bad til meg om Sanherib, kongen av Assur.

21. Dette er det ordet Herren talar mot han:Jomfrua håner deg,dotter Sion spottar deg,dotter Jerusalem rister på hovudet.

22. Kven er det du krenkjer og vanærar?Kven ropar du opp imot?Høgt lyfter du augamot Israels Heilage.

2. Kongebok 19