3. Han følgde i fotefara til Israels-kongane. Han lét jamvel son sin gå gjennom elden. Dette var ein avskyeleg skikk som han fekk frå dei folkeslaga som Herren hadde drive vekk framfor israelittane.
4. Han ofra og tende offereld på haugane og høgdene og under kvart frodig tre.
5. På den tida drog aramearkongen Resin og Israels-kongen Pekah, son til Remalja, i krig mot Jerusalem. Dei kringsette Ahas, men greidde ikkje å gå til åtak.
6. Det var den gongen aramearkongen Resin vann Eilat tilbake til Aram og dreiv judearane ut av byen. Så kom det edomittar og busette seg i Eilat, og dei bur der den dag i dag.
7. Då sende Ahas bod til assyrarkongen Tiglat-Pileser og sa: «Eg er din tenar og din son. Kom og berg meg frå aramearkongen og Israels-kongen som har reist seg mot meg.»
8. Ahas tok sølvet og gullet som var i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga, og sende det som gåve til kongen av Assur.
9. Og assyrarkongen høyrde på han. Han drog opp mot Damaskus og tok byen. Folket som budde der, førte han bort til Kir, og Resin drap han.
10. Kong Ahas drog til Damaskus og ville møta assyrarkongen Tiglat-Pileser. Då han fekk sjå det altaret som var der, sende han bod til presten Uria med bilete av altaret og ei teikning som i eitt og alt viste korleis det var laga.
11. Og før kong Ahas kom att frå Damaskus, hadde presten Uria bygd altaret. Han hadde i eitt og alt følgt den skissa som kong Ahas hadde sendt frå Damaskus.
12. Då kongen kom heim att frå Damaskus og fekk sjå altaret, gjekk han fram for det og ofra på det.