2. Kongebok 14:13-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, son til Ahasja, vart teken til fange i Bet-Sjemesj av Joasj, Israels konge. Då dei kom til Jerusalem, reiv han ned fire hundre alner av bymuren, frå Efraim-porten til Hjørneporten.

14. Så tok han alt gullet og sølvet og alt utstyret som fanst i Herrens hus og i skattkammera i kongeborga, og dessutan gislane. Så vende han attende til Samaria.

15. Det som elles er å fortelja om Joasj og alt det han gjorde, om storverka hans i krigen mot Juda-kongen Amasja, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

16. Joasj gjekk til kvile hos fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria hos Israels-kongane. Jeroboam, son hans, vart konge etter han.

17. Juda-kongen Amasja, son til Joasj, levde femten år etter at Israels-kongen Joasj, son til Joahas, var død.

18. Det som elles er å fortelja om Amasja, står skrive i krønikeboka til Juda-kongane.

19. Dei fekk til ei samansverjing mot han i Jerusalem. Då flykta han til Lakisj. Men dei sende folk etter han og drap han der.

20. Så førte dei han til Jerusalem på hesteryggen, og han vart gravlagd i Davidsbyen, der fedrane hans låg.

2. Kongebok 14