2. Kongebok 13:11-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Joasj gjorde det som vondt var i Herrens auge. Han gav ikkje opp alle dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera. Dei heldt han fram med.

12. Det som elles er å seia om Joasj, om alt han gjorde, og om storverka hans i krigen med Amasja, kongen i Juda, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

13. Då Joasj gjekk til kvile hos fedrane sine, sette Jeroboam seg på trona hans. Joasj vart gravlagd i Samaria mellom Israels-kongane.

14. Då Elisja vart ramma av den sjukdomen han skulle døy av, kom Joasj, Israels konge, til han. Gråtande bøygde han seg ned over han og sa: «Min far, min far! Israels vogner og hestar!»

15. Elisja sa til han: «Hent ein boge og nokre piler!» Og han henta ein boge og nokre piler.

16. Elisja sa til kongen: «Legg handa di på bogen!» Han så gjorde, og Elisja la hendene sine over hendene til kongen.

17. Så sa han: «Lukk vindauget opp mot aust!» Han opna det, og Elisja sa: «Skyt!» Og kongen skaut. Då sa profeten: «Ei sigerspil frå Herren, ei sigerspil mot Aram! Du skal slå aramearane i Afek og gjera ende på dei.»

18. Så sa han: «Ta pilene!» Kongen tok dei, og profeten sa til han: «Slå på jorda!» Han slo tre gonger, men så heldt han opp.

19. Då vart gudsmannen sint på han og sa: «Du skulle ha slege fem eller seks gonger! Då hadde du slege aramearane og gjort ende på dei. No kjem du berre til å slå dei tre gonger.»

20. Så døydde Elisja og vart gravlagd.På den tid kom det kvart år flokkar av moabittar for å plyndra i landet.

21. Ein gong fekk nokre som skulle gravleggja ein mann, sjå at det kom ein slik røvarflokk. Då kasta dei mannen ned i grava til Elisja. Med det same mannen kom nær beina til Elisja, vart han levande att og reiste seg opp.

2. Kongebok 13