3. I seks år heldt han seg løynd hos henne i Herrens hus medan Atalja styrte i landet.
4. Men i det sjuande året sende presten Jojada bod etter hundremannsførarane for livvakta og for vaktmennene og lét dei koma til seg i Herrens hus. Han gjorde ei pakt med dei og tok dei i eid i Herrens hus. Så viste han dei kongssonen
5. og gav dei ordre om kva dei skulle gjera: «Den tredjeparten av dykk som gjer teneste ved kongeborga på sabbatsdagen,
6. den tredjedelen som er ved Sur-porten, og den tredjedelen som er ved porten bak vaktmennene, de skal skiftevis halda vakt ved Herrens hus.
7. Og dei to avdelingane av alle dykk som skulle ha avløysing på sabbaten, skal halda vakt over kongen i Herrens hus.
8. De skal stilla dykk i ein ring rundt kongen, kvar mann med våpen i hand. Om nokon trengjer seg inn i rekkjene, skal han døy. De må følgja kongen kvar han går og står.»
9. Hundremannsførarane gjorde i eitt og alt som presten Jojada gav ordre om. Kvar tok sine menn; dei tok både dei som gjekk på vakt på sabbaten, og dei som skulle ha avløysing, og kom til presten Jojada.