1. Då Atalja, mor til Ahasja, fekk vita at son hennar var død, byrja ho med ein gong å rydda ut heile kongsætta.
2. Men Josjeba, dotter til kong Joram og syster til Ahasja, tok i løynd Joasj, son til Ahasja, bort frå dei kongssønene som skulle drepast. Ho førte han og fostermor hans inn på ein sovesal. Der gøymde dei han for Atalja, så han ikkje vart drepen.
3. I seks år heldt han seg løynd hos henne i Herrens hus medan Atalja styrte i landet.
4. Men i det sjuande året sende presten Jojada bod etter hundremannsførarane for livvakta og for vaktmennene og lét dei koma til seg i Herrens hus. Han gjorde ei pakt med dei og tok dei i eid i Herrens hus. Så viste han dei kongssonen