2. Kongebok 10:3-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. så vel dykk ut den beste og mest skikka av sønene til herren dykkar! Set han på trona til far hans og kjemp for kongens hus!»

4. Då vart dei svært redde og sa: «Høyr, dei to kongane kunne ikkje stå seg mot han. Korleis skal då vi greia det?»

5. Så sende borgherren, bykommandanten, dei eldste og fosterfedrane bod til Jehu og sa: «Vi er tenarane dine, og alt det du bed oss gjera, vil vi gjera. Vi vil ikkje velja nokon konge. Gjer det som er best i dine auge!»

6. Så skreiv Jehu endå eit brev til dei, og der stod det: «Er de på mi side og lyder meg, så hogg hovudet av sønene til herren dykkar og kom til meg i Jisreel i morgon på denne tid.» Kongssønene, alle sytti, var hos stormennene i byen, som fostra dei opp.

7. Då dei fekk brevet, tok dei kongssønene og drap alle sytti. Hovuda deira la dei i nokre korger og sende dei til Jehu i Jisreel.

8. Då han fekk melding om at dei var komne med hovuda til kongssønene, sa han: «Legg dei i to haugar utfor porten til i morgon!»

9. Om morgonen gjekk Jehu ut, stilte seg opp der og tala til alt folket: «De er utan skuld. Det var eg som fekk i stand samansverjinga mot herren min og drap han. Men kven har slege i hel alle desse?

10. Vit då at ikkje eit ord av det Herren har tala mot Ahabs hus, fell maktlaust til jorda. Herren har gjort det han forkynte gjennom Elia, tenaren sin.»

11. Så slo Jehu i hel alle som var att av Ahabs hus i Jisreel, og alle kongens stormenn, kjenningar og prestar. Han lét ikkje ein einaste vera att.

12. Sidan braut Jehu opp og drog til Samaria. På vegen dit kom han til Bet-Eked-Haro'im.

13. Der møtte han brørne til Ahasja, Juda-kongen, og han spurde: «Kven er de?» «Vi er brørne til Ahasja», svara dei. «Vi skal ned og helsa på sønene til kongen og dronninga.»

14. Då sa Jehu: «Ta dei levande!» Det gjorde dei og slo dei i hel ved brønnen i Bet-Eked, førtito mann i alt. Han lét ikkje ein einaste vera att.

15. Då han drog derifrå, trefte han Jonadab, son til Rekab, som kom imot han. Jehu helsa på han og sa: «Er du med meg av heile ditt hjarte slik eg er med deg?» «Ja», svara Jonadab. «Er det så, gjev meg handa på det!» sa Jehu. Han gav han handa, og Jehu lét han stiga opp til seg i vogna.

16. «Følg meg», sa han, «så skal du få sjå min store glød for Herren.» Og han lét han køyra med i vogna.

17. Då Jehu kom til Samaria, slo han i hel alle som var att av Ahabs hus der i byen. Han rydda ut kvar einaste ein, slik Herren hadde sagt til Elia.

18. Sidan samla Jehu heile folket og sa til dei: «Ahab dyrka Baal litt, Jehu vil dyrka han mykje.

19. Kall no alle Baal-profetane hit til meg, alle som dyrkar han, og alle prestane hans! Ingen må vanta, for no skal eg halda ein stor offerfest for Baal. Kvar den som ikkje møter fram, skal lata livet.» Dette var ei list Jehu fann på så han kunne få rydda ut alle Baal-dyrkarane.

2. Kongebok 10