20. «Rop ut ei heilag høgtidssamling for Baal!» sa han, og det gjorde dei.
21. Jehu sende bod rundt i heile Israel, og alle Baal-dyrkarane kom. Det fanst ikkje ein som heldt seg borte. Då dei gjekk inn i Baal-tempelet, vart huset fullt frå ende til annan.
22. Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram klede til alle Baal-dyrkarane!» Og han henta fram drakter til dei.
23. Då Jehu, saman med Jonadab, son til Rekab, kom inn i Baal-tempelet, sa han til Baal-dyrkarane: «Sjå vel etter at det berre er Baal-dyrkarar mellom dykk, ikkje ein einaste som dyrkar Herren.»
24. Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor tempelet og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.»
25. Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpenberarane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ikkje ein einaste sleppa unna!» Livvakta og våpenberarane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i det inste av Baal-tempelet,
26. bar ut støttene som stod der, og brende dei opp.
27. Dei knuste Baal-støtta, reiv ned Baal-tempelet og gjorde det om til latriner, som det er den dag i dag.
28. Slik rydda Jehu Baal ut av Israel.
29. Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan.