2. Kongebok 10:19-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Kall no alle Baal-profetane hit til meg, alle som dyrkar han, og alle prestane hans! Ingen må vanta, for no skal eg halda ein stor offerfest for Baal. Kvar den som ikkje møter fram, skal lata livet.» Dette var ei list Jehu fann på så han kunne få rydda ut alle Baal-dyrkarane.

20. «Rop ut ei heilag høgtidssamling for Baal!» sa han, og det gjorde dei.

21. Jehu sende bod rundt i heile Israel, og alle Baal-dyrkarane kom. Det fanst ikkje ein som heldt seg borte. Då dei gjekk inn i Baal-tempelet, vart huset fullt frå ende til annan.

22. Så sa han til den mannen som hadde tilsyn med kleskammeret: «Ta fram klede til alle Baal-dyrkarane!» Og han henta fram drakter til dei.

23. Då Jehu, saman med Jonadab, son til Rekab, kom inn i Baal-tempelet, sa han til Baal-dyrkarane: «Sjå vel etter at det berre er Baal-dyrkarar mellom dykk, ikkje ein einaste som dyrkar Herren.»

24. Så gjekk dei inn og bar fram slaktoffer og brennoffer. Men Jehu sette åtti mann utanfor tempelet og sa: «Den som lèt nokon sleppa unna av dei mennene eg gjev i hendene på dykk, skal sjølv bøta med livet.»

25. Då dei var ferdige med å bera fram brennofferet, sa Jehu til livvakta og våpenberarane: «Gå inn og hogg dei ned! Lat ikkje ein einaste sleppa unna!» Livvakta og våpenberarane hogg dei ned med sverd og kasta dei ut. Så gjekk dei inn i det inste av Baal-tempelet,

26. bar ut støttene som stod der, og brende dei opp.

27. Dei knuste Baal-støtta, reiv ned Baal-tempelet og gjorde det om til latriner, som det er den dag i dag.

28. Slik rydda Jehu Baal ut av Israel.

29. Men sjølv heldt han ikkje opp med dei syndene som Jeroboam, son til Nebat, hadde fått israelittane til å gjera: å dyrka gullkalvane i Betel og Dan.

30. Herren sa til Jehu: «Du har handla vel, gjort det som er rett i mine auge, og alt det eg ønskte med Ahabs hus. Difor skal dine søner sitja på Israels trone i fire ættleder.»

31. Men Jehu prøvde ikkje av heile sitt hjarte å følgja den lova som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Han vende seg ikkje bort frå dei syndene som Jeroboam hadde fått israelittane til å gjera.

32. På den tid byrja Herren å riva laus stykke av Israel. Hasael slo israelittane langs heile grensa.

33. På austsida av Jordan tok han heile Gilead, landet der Gad-, Ruben- og Manasse-stammane budde, heilt frå Aroer ved Arnon-elva og nordover, både Gilead og Basan.

34. Det som elles er å fortelja om Jehu og alt det han gjorde, alle storverka hans, står skrive i krønikeboka til Israels-kongane.

35. Jehu gjekk til kvile hos fedrane sine og vart gravlagd i Samaria. Joahas, son hans, vart konge etter han.

36. Den tida Jehu var konge over Israel i Samaria, var tjueåtte år.

2. Kongebok 10