2. Kongebok 10:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Ahab hadde sytti søner i Samaria. Jehu skreiv brev og sende til Samaria, til stormennene i Jisreel, til dei eldste og til fosterfedrane for sønene til Ahab. Han skreiv:

2. «Når dette brevet kjem til dykk som har kongssønene hos dykk, og som rår over vognene og hestane, festningsbyane og våpna,

3. så vel dykk ut den beste og mest skikka av sønene til herren dykkar! Set han på trona til far hans og kjemp for kongens hus!»

4. Då vart dei svært redde og sa: «Høyr, dei to kongane kunne ikkje stå seg mot han. Korleis skal då vi greia det?»

5. Så sende borgherren, bykommandanten, dei eldste og fosterfedrane bod til Jehu og sa: «Vi er tenarane dine, og alt det du bed oss gjera, vil vi gjera. Vi vil ikkje velja nokon konge. Gjer det som er best i dine auge!»

2. Kongebok 10