2. Kongebok 1:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Moab gjorde opprør mot Israel etter at Ahab var død.

2. Ahasja fall ut gjennom gittervindauget i loftssalen sin i Samaria og vart hardt skadd. Då sende han bod av stad og sa: «Gå og spør Baal-Sebub, guden i Ekron, om eg skal koma meg av denne sjukdomen.»

3. Men Herrens engel sa til Elia frå Tisjbe: «Stå opp og gå til møtes med sendeboda frå kongen i Samaria og sei til dei: Er det ingen Gud i Israel sidan de går for å rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron?

4. Difor seier Herren: Du kjem ikkje til å stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.» Så gjekk Elia.

5. Sendeboda vende då attende til kongen. «Kvifor kjem de alt att?» spurde han.

6. Dei svara: «Det kom ein mann imot oss, og han sa til oss: Gå tilbake til kongen som sende dykk, og sei til han: Så seier Herren: Er det ingen Gud i Israel sidan du sender bod for å rådspørja Baal-Sebub, guden i Ekron? Difor kjem du ikkje til å stå opp frå den senga du har lagt deg i. Du skal døy.»

2. Kongebok 1