2. Johannes 1:7-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje vedkjenner at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Dette er forføraren, Antikrist!

8. Vakta dykk, så de ikkje mistar det de har arbeidd for, men får den fulle løna.

9. Den som ikkje blir verande i Kristi lære, men går ut over den, er òg utan Gud. Den som blir verande i læra, har fellesskap både med Sonen og med Faderen.

10. Kjem det nokon til dykk og ikkje har denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje ønskja han velkomen!

11. For den som ønskjer han velkomen, blir medskuldig i alt det vonde han gjer.

12. Eg har enno mykje meir eg kunne skriva til dykk, men eg vil ikkje seia det med papir og blekk. For eg håpar å få koma til dykk og tala med dykk, andlet til andlet, så gleda vår kan vera fullkomen.

13. Borna til syster di, ho som er utvald, helsar deg.

2. Johannes 1