5. Den som verkeleg er enkje og står åleine, ho har sett sitt håp til Gud og lever i bøn og påkalling natt og dag.
6. Men den som berre vil nyta livet, er levande død.
7. Det òg skal du prenta inn, så ingen skal kunna skulda dei for noko.
8. Den som ikkje har omsorg for sine næraste, og først og fremst for sin eigen heim, har fornekta trua og er verre enn ein vantruande.
9. Berre den som har fylt seksti år, kan skrivast inn mellom enkjene i forsamlinga. Ho må ha vore kona til éin mann,
10. vera kjend for gode gjerningar, ha oppseda born, vore gjestfri, vaska føtene til dei heilage, hjelpt dei som er i naud og alltid vore oppteken av å gjera det gode.