1. Timoteus 3:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er eit truverdig ord.Om nokon gjerne vil ha ei tilsynsteneste, er det ei verdfull oppgåve han ønskjer seg.

2. Difor må ein tilsynsmann ikkje kunna skuldast for noko. Han må vera mann til éi kvinne, edrueleg, forstandig, høfleg, gjestfri, god til å undervisa,

3. ikkje drikkfeldig eller hardhendt, men mild, ikkje stridslysten eller glad i pengar.

4. Han skal styra sitt eige hus godt, så borna hans alltid viser lydnad og respekt.

5. For greier han ikkje styra sitt eige hus, korleis kan han då ha omsorg for Guds forsamling?

1. Timoteus 3