1. Timoteus 2:2-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Be for kongar og alle som er i leiande stillingar, så vi kan leva eit stilt og fredeleg liv med gudsfrykt og vørdnad i alt vi gjer.

3. Dette er godt og noko Gud, vår frelsar, gleder seg over,

4. han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.

5. For Gud er éin,og éin mellommann er det mellom Gud og menneske,mennesket Kristus Jesus,

6. han som gav seg sjølv som løysepenge for alle.Det var vitnemålet då tida var komen,

1. Timoteus 2