1. Timoteus 1:3-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. Då eg drog til Makedonia, bad eg deg vera att i Efesos. Du skulle forby einskilde der å fara med ei anna lære

4. eller vera opptekne av mytar og endelause ættetavler. For slikt fører berre til spekulasjonar og tener ikkje Guds frelseplan, der det dreiar seg om tru.

5. Målet for dette oppdraget er kjærleik av eit reint hjarte, av eit godt samvit og av ei oppriktig tru.

6. Nokre har forvilla seg bort frå dette og har hamna i tomme ord.

7. Dei vil vera lovlærarar, men skjønar korkje det dei sjølve seier eller det dei talar så sjølvsikkert om.

8. Men vi veit at lova er god om vi bruker henne slik ho skal brukast,

9. og forstår at ho ikkje er gjeven for rettferdige, men for lovbrytarar og ulydige, ugudelege og syndarar, gudsfornektarar og vanheilage, og for dei som slår far sin eller mor si, for mordarar,

10. dei som driv hor, menn som ligg med menn, dei som driv med menneskehandel, løgnarar og dei som sver falsk eid, og kva som elles måtte strida mot den sunne læra.

11. Dette er i samsvar med evangeliet om herlegdomen hos Gud, den sæle, det evangeliet som er tiltrudd meg.

12. Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta,

13. eg som før spotta, forfølgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for i mi vantru visste eg ikkje kva eg gjorde.

1. Timoteus 1