15. Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og av dei er eg den største.
16. Men når eg fekk miskunn, var det for at eg skulle vera den første som Kristus Jesus kunne visa alt sitt tolmod, så eg vart eit førebilete for dei som sidan skulle koma til tru på han og få evig liv.
17. Han som er konge frå æve til æve, den uforgjengelege, usynlege, einaste Gud, han vere pris og ære i all æve! Amen.
18. Timoteus, mitt barn, slik er oppdraget eg no overgjev til deg, i samsvar med dei profetord som før er tala til deg. Ved dei skal du strida den gode striden,
19. i tru og med eit godt samvit. Samvitet har nokre kasta frå seg, og trua deira har forlist.
20. Mellom dei er Hymeneos og Aleksander, som eg har overgjeve til Satan, for at dei skal bli viste til rette så dei ikkje spottar.