1. Timoteus 1:12-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Eg takkar han som gjorde meg sterk, Kristus Jesus, vår Herre, fordi han synte meg tillit og sette meg til tenesta,

13. eg som før spotta, forfølgde og fór fram med vald. Men eg fekk miskunn, for i mi vantru visste eg ikkje kva eg gjorde.

14. Og vår Herres nåde har vore overstrøymande rik og gjeve meg tru og kjærleik i Kristus Jesus.

15. Det er eit truverdig ord og vel verdt å ta imot, at Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og av dei er eg den største.

1. Timoteus 1