1. Samuelsbok 6:8-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Så skal de ta Herrens paktkiste og setja henne på vogna. Dei gullsakene som de gjev Herren til vederlag, skal de leggja i eit skrin ved sida av paktkista. Send henne så av garde!

9. Sjå etter om ho tek vegen opp til grensa mot Bet-Sjemesj. Då er det Herren som har sendt denne store ulukka over oss. Men tek ho ikkje den vegen, veit vi at det ikkje er hans hand som har ramma oss. Då er det berre eit tilfelle at dette hende oss.»

10. Mennene så gjorde. Dei henta to kyr som nyleg hadde kalva, og spente dei føre vogna. Men kalvane heldt dei att heime.

11. Dei sette Herrens paktkiste på vogna, og like eins skrinet med gullmusene og etterlikningane av byllane.

1. Samuelsbok 6