6. Kvifor gjer de hjartet dykkar hardt slik som egyptarane og farao gjorde? Måtte dei ikkje la Israel sleppa fri og dra av stad etter at Herren hadde late dei kjenna si makt?
7. Lag no ei ny vogn og hent to kyr som har kalva, og som enno ikkje har fått åk på seg. Spenn kyrne for vogna, men ta kalvane frå dei og la dei vera att heime.
8. Så skal de ta Herrens paktkiste og setja henne på vogna. Dei gullsakene som de gjev Herren til vederlag, skal de leggja i eit skrin ved sida av paktkista. Send henne så av garde!