1. Då Herrens paktkiste hadde vore i filistarlandet i sju månader,
2. kalla filistrane saman prestane og spåmennene og spurde: «Kva skal vi gjera med Herrens paktkiste? Lat oss få vita korleis vi skal senda henne tilbake dit ho høyrer heime!»
3. Dei svara: «Sender de paktkista til Israels Gud frå dykk, så send ikkje snaue kista; de må gje noko til vederlag. Då skal de bli friske att, og de skal få vita kvifor handa hans ikkje vik frå dykk.»