1. Samuelsbok 31:10-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Våpna hans la dei ned i Astarte-tempelet, og kroppen hengde dei opp på muren i Bet-Sjean.

11. Då innbyggjarane i Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistrane hadde gjort med Saul,

12. braut alle våpenføre menn opp og gjekk heile natta. Dei tok kroppane til Saul og sønene hans ned frå muren i Bet-Sjean. Då dei kom til Jabesj, brende dei kroppane der.

13. Dei tok knoklane deira og gravla dei under tamarisken i Jabesj. Så fasta dei i sju dagar.

1. Samuelsbok 31