9. Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rydda ut alle i landet som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?»
10. Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»
11. Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.»
12. Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er då Saul!»
13. Men kongen sa til henne: «Ver ikkje redd! Kva er det du ser?» Kvinna svara: «Eg ser eit gudevesen stiga opp av jorda.»
14. «Korleis ser det ut?» spurde Saul. Kvinna svara: «Ein gammal mann stig opp. Han er kledd i ei kappe.» Då skjøna Saul at det var Samuel, og han kasta seg ned med andletet mot jorda.
15. Samuel sa til Saul: «Kvifor har du uroa meg og henta meg opp?» Saul svara: «Eg er i stor naud. Filistrane fører krig mot meg, og Gud har vendt seg frå meg. Han svarar meg ikkje lenger, korkje gjennom profetar eller i draumar. Difor har eg kalla på deg, så du skal la meg få vita kva eg skal gjera.»
16. Då sa Samuel: «Kvifor spør du meg når Herren har vendt seg frå deg og vorte fienden din?
17. Herren har gjort med deg slik som han sa gjennom meg. Han har rive kongedømet ut av handa di og gjeve det til ein annan, til David.
18. Fordi du ikkje lydde Herren og ikkje fullførte vreidedommen hans over amalekittane, difor har Herren no gjort dette mot deg.
19. Herren vil gje både deg og Israel i filistarhand. I morgon skal du og sønene dine vera hos meg. Og Herren skal gje Israels-hæren òg i filistarhand.»