5. Men då Saul såg filistarleiren, vart han så redd at hjartet hans skalv.
6. Han spurde Herren til råds, men Herren svara han ikkje, korkje i draumar eller ved urim eller gjennom profetar.
7. Då sa Saul til mennene sine: «Finn meg ei kvinne som kan mana fram gjenferd, så vil eg gå til henne og spørja henne til råds.» Mennene svara: «I En-Dor er det ei kvinne som kan mana fram gjenferd.»
8. Saul gjorde seg no ukjenneleg og tok på seg andre klede. Han gjekk av stad saman med to mann, og dei kom til kvinna om natta. Saul sa til henne: «Kall fram ein av dei døde og spå meg! Hent opp den som eg nemner for deg.»
9. Kvinna svara: «Du veit då sjølv kva Saul har gjort, at han har rydda ut alle i landet som manar fram daudingar og spådomsånder? Kvifor set du snarer for meg? Kvifor vil du drepa meg?»
10. Då svor Saul henne ein eid ved Herren og sa: «Så sant Herren lever: Det skal ikkje koma skuld over deg for dette.»
11. Kvinna spurde: «Kven skal eg henta opp til deg?» Han svara: «Samuel.»
12. Men då kvinna såg Samuel, sette ho i eit høgt skrik og sa til Saul: «Kvifor har du narra meg? Du er då Saul!»
13. Men kongen sa til henne: «Ver ikkje redd! Kva er det du ser?» Kvinna svara: «Eg ser eit gudevesen stiga opp av jorda.»