1. Samuelsbok 25:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Samuel døydde, og heile Israel samla seg og heldt sørgjehøgtid over han. Dei gravla han i Rama, heimstaden hans.David braut opp og drog vidare, ned til Paran-ørkenen.

2. I Maon budde det ein mann som hadde buskapen sin i Karmel. Mannen var svært rik, han eigde tre tusen sauer og tusen geiter. Han heldt på å klippa sauene sine i Karmel.

3. Mannen heitte Nabal og kona hans Abigajil. Ho var ei klok og vakker kvinne, men mannen var vrang og vond i all si ferd. Han var av Kaleb-slekta.

4. Ute i ørkenen fekk David høyra at Nabal heldt på å klippa sauene sine.

5. Då sende han ti unge menn av stad og sa til dei: «Dra opp til Karmel, gå til Nabal, hels han frå meg

6. og sei: Til liv! Fred over deg, fred over ditt hus, fred over alt som er ditt.

7. Eg har høyrt at du held på å klippa sauer. No har gjetarane dine vore saman med oss, og vi har aldri gjort dei noko vondt. Det har heller ikkje kome bort noko for dei så lenge dei har vore i Karmel.

8. Spør berre folka dine, så vil dei sjølve fortelja deg det. Ta vel imot mennene mine, for vi kjem hit på ein glededag. Gjev tenarane dine og David, son din, det du måtte ha for handa.»

9. Då mennene til David kom til Nabal, tala dei til han med Davids ord. Så stod dei og venta.

10. Men Nabal svara dei: «Kven er David? Kven er Isai-sonen? No om dagen er det så mange slavar som spring bort frå herrane sine.

1. Samuelsbok 25