7. Saul fekk melding om at David var komen til Ke'ila, og han sa: «Gud har gjeve han i mi hand. For han stengde seg sjølv inne då han drog inn i ein by med portar og bommar.»
8. Så kalla Saul heile hæren saman til kamp. Han ville fara ned til Ke'ila for å kringsetja David og mennene hans.
9. Men då David skjøna at Saul la vonde planar mot han, sa han til presten Abjatar: «Ta fram efoden!»
10. Så sa David: «Herre, Israels Gud! Tenaren din har høyrt at Saul tenkjer seg til Ke'ila og vil øydeleggja byen for mi skuld.
11. Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg til han? Kjem Saul hit ned, slik som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, fortel tenaren din dette!» Herren svara: «Ja, han kjem hit ned.»
12. David heldt fram: «Vil leiarane i Ke'ila utlevera meg og mennene mine til Saul?» Herren svara: «Ja, dei vil utlevera dykk.»
13. No braut David opp med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei drog bort frå Ke'ila og flakka omkring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke'ila, lét han vera å dra ut.
14. Etter dette heldt David til i ørkenen, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-ørkenen. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud lét han ikkje falla i hans hender.
15. Medan David var i Horesja i Sif-ørkenen, fekk han vita at Saul hadde drege ut for å drepa han.
16. Men Jonatan, son til Saul, drog av garde og kom til David i Horesja. Han hjelpte han til å henta nytt mot hos Gud.
17. «Ver ikkje redd!» sa han. «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal bli konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»
18. Så gjorde dei to ei pakt med kvarandre for Herrens andlet. David vart verande i Horesja, men Jonatan gjekk heim til seg.
19. Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «Veit du at David held seg gøymd hos oss i fjellborgene i Horesja, ved Hakila-haugen som ligg sør for Jesjimon?
20. Så sant du ønskjer å koma dit ned, konge, så kom! Vi skal syta for at du får tak i han.»
21. Saul svara: «Velsigna er de av Herren fordi de held med meg.
22. Gå no, og ver framleis på vakt. Få greie på kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er svært listig.
23. Sjå etter og finn alle gøymestadene der han kan ha gøymt seg. Kom så tilbake til meg med påliteleg melding, og eg skal vera med dykk. Så sant han er i landet, skal eg leita han opp mellom alle slektene i Juda.»
24. Då braut dei opp og drog til Sif i førevegen for Saul.David og mennene hans var då i Maon-ørkenen, på Araba-sletta, sør for Jesjimon.
25. Saul og mennene hans drog ut for å leita etter han. Men det fekk David vita, og han drog ned til berghamaren i Maon-ørkenen og vart verande der. Då Saul fekk høyra det, følgde han etter David ut i Maon-ørkenen.