9. Då svara Doeg frå Edom, som stod mellom mennene til Saul: «Eg såg at Isai-sonen kom til Ahimelek, son til Ahitub, i Nob.
10. Og Ahimelek bad Herren om råd for han. Han gav han reisekost og lét han få sverdet til filistaren Goliat.»
11. Då sende kongen bod etter presten Ahimelek, son til Ahitub, og heile slekta hans, prestane i Nob. Dei kom alle til kongen,
12. og Saul sa: «Høyr på meg, son til Ahitub!» Han svara: «Ja, herre.»
13. Saul sa til han: «Kvifor har de svore dykk i hop mot meg, du og Isai-sonen? Du gav han brød og sverd og bad Gud om råd for han, så han kunne setja seg opp imot meg og liggja i bakhald slik han no gjer.»
14. Ahimelek svara kongen: «Kven av alle mennene dine har så stor tillit som David? Han er svigerson til kongen, sjef over livvakta og høgt akta i ditt hus.
15. Dette er ikkje første gongen eg bed Gud om råd for han, langt ifrå. Kongen må ikkje leggja meg eller nokon i min familie dette til last. For eg har ikkje visst noko som helst om dette.»