1. Samuelsbok 22:16-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Men kongen sa: «Du skal døy, Ahimelek, både du og heile familien din.»

17. Så sa kongen til livvakta som stod ikring han: «Gå fram og drep Herrens prestar! For dei held òg med David. Dei visste at han var på flukt, men varsla meg ikkje.» Men kongens menn ville ikkje eingong lyfta ei hand for å røra ved Herrens prestar.

18. Då sa kongen til Doeg: «Gå du fram og hogg prestane ned!» Og Doeg frå Edom gjekk fram og hogg ned prestane. Den dagen drap han åttifem mann som bar efod-drakter av lin.

19. I prestebyen Nob vart menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar, esel og sauer hogne ned med sverd.

20. Berre éin av sønene til Ahimelek, son til Ahitub, slapp unna; han heitte Abjatar. Han flykta til David.

21. Abjatar fortalde David at Saul hadde drepe Herrens prestar.

22. Då sa David til Abjatar: «Alt den gongen Doeg frå Edom var der, skjøna eg at han kom til å fortelja det til Saul. Eg ber skulda for alle som er drepne i familien din.

23. Slå deg til hos meg og ver ikkje redd! For han som vil ta livet av meg, vil ta livet av deg òg. Hos meg er du trygg.»

1. Samuelsbok 22