1. Så drog David bort derifrå og flykta til hòla ved Adullam. Då brørne hans og alle i farshuset fekk høyra det, kom dei ned til han der.
2. Alle slags naudlidande, gjeldbundne og misnøgde samla seg om han, og han vart hovding for dei. Om lag fire hundre mann slutta seg til han.
3. Derifrå drog David til Mispe i Moab og sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få koma og bu hos dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.»
4. Så tok han dei til kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga.
5. Men profeten Gad sa til David: «Du må ikkje vera i fjellborga lenger. Dra bort og kom deg tilbake til Juda!» Då drog David av garde og kom til Haret-skogen.
6. Saul fekk høyra at nokon hadde kjent att David og dei mennene som var med han. Saul sat i Gibea under tamarisktreet oppe på høgda med spydet i handa, og alle mennene hans stod ikring han.
7. Då sa han til mennene som stod der: «Høyr på meg, benjaminittar! Trur de at Isai-sonen vil gje dykk alle saman jorde og vinmarker? Vil han setja dykk til førarar for tusen og hundre?