7. Den dagen vart ein av mennene til Saul halden tilbake der, for Herrens andlet. Mannen heitte Doeg og var frå Edom. Han var den fremste blant gjetarane til Saul.
8. David sa til Ahimelek: «Har du ikkje eit spyd eller eit sverd her? Eg fekk korkje sverdet eller dei andre våpna med meg, for det hadde slik hast med kongens ærend.»
9. Presten svara: «Jau, sverdet til filistaren Goliat, som du slo i hel i Ela-dalen, heng bak efod-drakta, sveipt i ei kappe. Vil du ha det, så ta det. Det er ikkje noko anna sverd her.» «Det finst ikkje maken til det», sa David. «Lat meg få det!»
10. Same dagen tok David ut og rømde for Saul. Han kom til Akisj, kongen i Gat.
11. Mennene til Akisj sa til han: «Er ikkje dette David, kongen i landet? Var det ikkje om han dei dansande kvinnene song:Saul slo i tusental,men David slo i titusental?»
12. David merka seg vel det dei sa, og han var svært redd Akisj, kongen i Gat.
13. Han lét som han var frå vitet og skapte seg galen når dei kom nær han. Han rissa merke på dørkarmane og sikla i skjegget.
14. Då sa Akisj til mennene sine: «De ser då at mannen er frå vitet. Kvifor kjem de til meg med han?
15. Har eg ikkje nok av galningar sidan de kjem hit med han der, så eg skal plagast med galskapen hans? Skulle slik ein få koma i mitt hus?»