1. David drog no til presten Ahimelek i Nob. Då kom Ahimelek han skjelvande til møtes og spurde: «Kvifor er du åleine og har ingen med deg?»
2. David svara han: «Kongen har gjeve meg eit oppdrag. Og han sa til meg: Ingen må få vita noko om oppdraget eg har sendt deg på. Difor har eg sagt at mennene mine skal møta på fastsett stad.
3. Har du noko mat for handa? Lat meg få fem brød eller det som måtte finnast her.»