11. Jonatan sa: «Kom, lat oss gå ut på marka!» Så gjekk dei to ut på marka.
12. Der sa Jonatan til David: «Ved Herren, Israels Gud: I morgon eller i overmorgon på denne tida skal eg ha funne ut kva far min har i tankane. Anten det då ser bra ut for deg eller ikkje, skal eg senda bod til deg og la deg få vita det.
13. Herren la det gå meg ille både no og sidan dersom far min finn for godt å føra ulukke over deg utan at eg varslar deg og hjelper deg til å koma unna, så du kan fara din veg i fred. Herren vere med deg som han har vore med far min.
14. Så lenge eg lever, må du vera god mot meg slik Herren er det. Og når eg døyr,
15. må du aldri halda opp med å vera god mot mitt hus! Når Herren har rydda ut alle Davids fiendar frå jorda,
16. måtte då namnet til Jonatan ikkje bli utrydda, men leva saman med Davids hus! Må Herren ta hemn over Davids fiendar!»
17. Så stadfeste Jonatan endå ein gong sin eid til David, for han var glad i han; han hadde David like kjær som sitt eige liv.
18. Sidan sa Jonatan til han: «I morgon er det nymåne, og du kjem til å bli sakna når plassen din er tom.
19. Men i overmorgon skal du gå ned til den staden der du gøymde deg den dagen ugjerninga skulle gjerast, og halda deg nær Etsel-steinen.
20. Så skal eg skyta tre piler mot den eine sida av han, som om eg skaut mot eit mål,
21. og senda guten min av stad for å finna pilene. Seier eg då til guten: Pilene ligg på denne sida av deg, hent dei! – så kan du koma fram. Då kan du vera trygg; så sant Herren lever, det er ingen fare.
22. Men seier eg til ungguten: Pilene ligg bortanfor deg, – så dra din veg! For då sender Herren deg bort.
23. Den lovnaden vi har gjeve kvarandre, eg og du, den skal Herren vera eit vitne på for alltid.»
24. Så gøymde David seg ute på marka.Nymånedagen kom, og kongen sette seg til bords og skulle eta.
25. Han sat der han var van å sitja, i høgsetet oppmed veggen. Jonatan sette seg rett imot han, og Abner sat ved sida av Saul. Men plassen til David stod tom.
26. Saul sa ikkje noko den dagen, for han tenkte: «Det har vel hendt han noko så han ikkje er rein; han har ikkje fått reinsa seg enno.»