7. Herren gjer fattig, og han gjer rik,han fornedrar, og han opphøgjer.
8. Han reiser den veike opp av støvetog lyfter den fattige frå dungen.Han lèt dei sitja blant stormennog gjev dei ein ærefull plass.For søylene på jorda høyrer Herren til,på dei bygde han verda opp.
9. Han vaktar føtene til dei trugne,men dei urettferdige må teia i mørkret.For ingen er sterk i eiga kraft.
10. Herren knuser sine fiendar.Han lèt det torna over dei frå himmelen, Herren dømmer den vide jord.Han vil gje sin konge styrkeog sin salva stor kraft!
11. Så drog Elkana heim til Rama. Men guten vart verande og gjorde teneste for Herren, og presten Eli hadde tilsyn med han.
12. Sønene til Eli var ugudelege. Dei kjende ikkje Herren.
13. Slik fór prestane fram mot folket: Når nokon bar fram eit slaktoffer, kom prestens tenar medan dei kokte kjøtet. Han hadde med seg ein tretinda gaffel.
14. Den stakk han ned i panna eller gryta, kjelen eller krukka, og alt som kom opp med gaffelen, tok presten sjølv. Slik gjorde dei mot alle israelittar som kom til Sjilo.
15. Endå før dei hadde brent feittet, kom prestens tenar og sa til den som ofra: «Gjev presten kjøt å steikja! Han tek ikkje imot kokt kjøt av deg, berre rått.»
16. Om då mannen svara: «Først må feittet brennast, sidan kan du ta det du vil», sa tenaren: «Nei, gjev meg det straks, elles tek eg det med makt.»
17. Synda dei unge mennene gjorde for Herrens andlet, var svært stor; dei viste ingen respekt for Herrens offer.
18. Men Samuel gjorde teneste for Herrens andlet. Alt som gut bar han presteklede av lin.
19. Kvart år laga mor hans ei lita kappe til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp for å bera fram det årlege slaktofferet.
20. Eli velsigna Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld.» Så drog dei heim att.
21. Herren såg med omsorg til Hanna, og ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hos Herren.
22. Eli var no svært gammal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved inngangen til teltheilagdomen,
23. sa han til dei: «Kvifor gjer de slikt? Frå heile folket høyrer eg om dei vonde gjerningane dykkar.
24. Det må ikkje vera slik, sønene mine! Det er ikkje noko godt rykte, høyrer eg, som går mellom Herrens folk.