19. Kvart år laga mor hans ei lita kappe til han. Den tok ho med når ho saman med mannen sin drog opp for å bera fram det årlege slaktofferet.
20. Eli velsigna Elkana og kona hans og sa: «Herren gjeve deg fleire born med denne kvinna i staden for han som ho bad om for Herrens skuld.» Så drog dei heim att.
21. Herren såg med omsorg til Hanna, og ho vart med barn att. Ho fekk tre søner og to døtrer. Men guten Samuel voks opp hos Herren.
22. Eli var no svært gammal. Då han fekk høyra kva sønene hans gjorde mot alle israelittane, og at dei låg med kvinnene som gjorde teneste ved inngangen til teltheilagdomen,
23. sa han til dei: «Kvifor gjer de slikt? Frå heile folket høyrer eg om dei vonde gjerningane dykkar.
24. Det må ikkje vera slik, sønene mine! Det er ikkje noko godt rykte, høyrer eg, som går mellom Herrens folk.
25. Når ein mann syndar mot ein annan, skal Gud dømma han. Men når ein mann syndar mot Herren, kven skal då be for han?» Men dei høyrde ikkje på far sin, for Herren ville at dei skulle døy.
26. Guten Samuel voks og var til glede både for Herren og for menneske.
27. Det kom ein gudsmann til Eli og sa til han: Så seier Herren: Openberra eg meg ikkje for slekta til far din då dei var slavar for farao og hans hus i Egypt?
28. Og eg valde dei ut blant alle Israels stammar til å gjera presteteneste for meg og stiga opp til mitt altar, brenna røykjelse og bera presteklede for mitt andlet. Slekta til far din har eg gjeve retten til alle gåveoffera frå israelittane.
29. Kvifor viser du forakt for slaktofferet mitt og grødeofferet mitt som eg har gjeve påbod om i min bustad? Kvifor ærar du sønene dine meir enn meg, så de feitar dykk med det beste av alle offergåvene som mitt folk Israel ber fram?
30. Difor seier Herren, Israels Gud: Eg har nok sagt at ditt hus og huset til far din skal gjera teneste for mitt andlet for alltid. Men no seier Herren: Så skal ikkje henda! Dei som ærar meg, vil eg æra, men dei som foraktar meg, skal bli til skamme.
31. Sjå, dagar skal koma då eg bryt både di makt og makta til farsslekta di, så ingen blir gammal i ditt hus.
32. Med misunning skal du sjå alt det gode han gjer mot Israel, men i ditt hus skal ingen bli gammal.
33. Berre ein einaste mann i ditt hus vil eg la vera å rydda bort frå altaret mitt. Eg vil la auga dine slokna og livet ditt tærast bort, og alle som veks opp i ditt hus, skal døy i sin beste alder.
34. Det som råkar dei to sønene dine, Hofni og Pinhas, skal du ha til teikn: Dei skal begge døy på éin dag.
35. Men eg vil la ein trufast prest stå fram. Han skal handla etter mitt hjarte og min vilje. For han vil eg byggja eit hus som står støtt, og han skal gjera teneste hos min salva alle sine dagar.
36. Det skal gå slik at dei som er att av ditt hus, kjem til han og bed på sine kne om eit pengestykke og ein brødbit og seier: «Lat meg få vera med i eit av prestelauga så eg kan få litt mat å eta.»