4. Jonatan tala Davids sak for Saul, far sin. Han sa: «Kongen må ikkje gjera urett mot David, tenaren sin, for han har ikkje gjort urett mot deg. Det han har gjort, har heller vore til stort gagn for deg.
5. Han sette livet på spel og felte filistaren, og Herren lét heile Israel vinna ein stor siger. Du såg det sjølv og gledde deg. Kvifor vil du då la uskuldig blod renna og drepa David utan grunn?»
6. Saul høyrde på Jonatan og svor: «Så sant Herren lever, han skal ikkje mista livet!»
7. Då ropa Jonatan på David og fortalde han alt saman. Jonatan førte David fram for Saul, og David vart verande hos han som før.
8. Men krigen heldt fram, og David drog ut og kjempa mot filistrane. Dei leid stort nederlag og flykta for han.
9. Ein dag kom det ei vond ånd frå Herren over Saul medan han sat i huset sitt med spydet i handa og David spela på harpa.
10. Saul prøvde å spidda David til veggen med spydet. Men David bøygde unna for Saul, og spydet fór i veggen. David flykta og kom seg unna same natta.
11. Saul sende nokre menn til Davids hus for å vakta på han og drepa han om morgonen. Men Mikal, kona til David, varsla han om det og sa: «Kjem du deg ikkje unna i natt, blir du drepen i morgon.»
12. Så firte ho han ned frå vindauget, og han flykta og kom seg bort.
13. Like etter tok ho terafane og la dei i senga. Ho la eit teppe av geiteragg ved hovudet deira og breidde sengeteppet over.
14. Då utsendingane frå Saul kom for å henta David, sa ho: «Han er sjuk.»
15. Så sende Saul dei same mennene for å sjå David, og sa: «Ber han hit til meg i senga. Han skal døy.»