1. Samuelsbok 19:10-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. Saul prøvde å spidda David til veggen med spydet. Men David bøygde unna for Saul, og spydet fór i veggen. David flykta og kom seg unna same natta.

11. Saul sende nokre menn til Davids hus for å vakta på han og drepa han om morgonen. Men Mikal, kona til David, varsla han om det og sa: «Kjem du deg ikkje unna i natt, blir du drepen i morgon.»

12. Så firte ho han ned frå vindauget, og han flykta og kom seg bort.

13. Like etter tok ho terafane og la dei i senga. Ho la eit teppe av geiteragg ved hovudet deira og breidde sengeteppet over.

14. Då utsendingane frå Saul kom for å henta David, sa ho: «Han er sjuk.»

15. Så sende Saul dei same mennene for å sjå David, og sa: «Ber han hit til meg i senga. Han skal døy.»

16. Men då mennene kom inn, fekk dei sjå terafane i senga med teppet av geiteragg ved hovudet.

17. Saul sa til Mikal: «Kvifor har du narra meg slik og hjelpt fienden min til å sleppa unna?» Mikal svara: «Han sa til meg: Hjelp meg å sleppa bort, elles drep eg deg.»

18. Då David hadde flykta og kome seg unna, drog han til Samuel i Rama og fortalde han korleis Saul hadde vore mot han. Så gjekk han og Samuel til Nevajot og slo seg til der.

19. Då Saul fekk vita at David var i Nevajot ved Rama,

20. sende han nokre menn dit for å henta han. Men då dei fekk sjå profetflokken, som var i profetisk glød, og Samuel, som stod framfor dei, kom Guds ande over utsendingane frå Saul, og dei vart gripne av profetisk glød, dei òg.

21. Saul fekk vita om det og sende andre menn. Men det gjekk like eins med dei. Saul sende folk dit ein tredje gong, men dei kom i profetisk glød, dei òg.

22. Til slutt gjekk han sjølv til Rama, og då han kom til den store brønnen i Seku, spurde han: «Kvar er Samuel og David?» Dei svara: «I Nevajot ved Rama.»

23. Så gjekk han dit, til Nevajot ved Rama. Men Guds ande kom over han òg, og han gjekk i profetisk glød heile vegen til Nevajot ved Rama.

24. Saul reiv av seg kleda og stod framfor Samuel, gripen av profetisk glød liksom dei andre, heilt til han fall over ende. Og han vart liggjande naken heile dagen og heile natta. Difor seier folk: «Er Saul òg mellom profetane?»

1. Samuelsbok 19