1. Samuelsbok 18:8-25 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Då vart Saul brennande harm. Han lika desse orda ille og sa: «Dei gjev David æra for titusental, men meg berre for tusental. No manglar han berre kongsmakta!»

9. Frå den dagen såg Saul skeivt til David.

10. Dagen etter kom det ei vond ånd frå Gud over Saul. Han vart heilt frå seg inne i huset, og David spela på harpa, som han gjorde kvar dag. Saul hadde eit spyd i handa.

11. Han kasta spydet mot David og tenkte: «No spiddar eg han til veggen.» Men David bøygde seg unna to gonger.

12. Då vart Saul redd David; for Herren var med han, men Saul hadde han vike frå.

13. Difor sende Saul han frå seg og sette han til førar for tusen mann. David førte hæren ut i kamp og heim att.

14. David hadde lukka med seg i alt han tok seg føre, for Herren var med han.

15. Då Saul såg at det gjekk godt for David, vart han endå meir redd han.

16. Men heile Israel og Juda elska David, for det var han som førte dei ut i kamp og heim att.

17. Ein dag sa Saul til David: «Her er Merab, eldste dotter mi. Henne gjev eg deg til kone. Syn meg til gjengjeld at du er ein djerv mann og fører Herrens krigar.» For Saul sa til seg sjølv: «Eg vil ikkje leggja hand på han; det skal filistrane gjera.»

18. David svara Saul: «Kven er vel eg i Israel, og kva er vel mi slekt og familien til far min, sidan eg skal bli svigerson til kongen?»

19. Men på den tida då David skulle få Merab, dotter til Saul, vart ho gift bort til Adriel frå Mehola.

20. Men Mikal, dotter til Saul, hadde vorte glad i David. Då Saul fekk vita det, tykte han godt om det.

21. «Han skal få henne», tenkte Saul. «Ho skal bli ei snare for han så han kjem i filistarvald.» Difor sa Saul til David for andre gong: «Du skal bli svigerson min.»

22. Så sa Saul til mennene sine: «Tal med David i løynd og sei: Kongen tykkjer vel om deg, og alle mennene hans held av deg. No kan du bli svigerson til kongen.»

23. Då mennene til Saul kviskra dette i øyra på David, sa han: «Trur de det er så lett å bli svigerson til kongen? Eg er ein fattig og lågætta mann.»

24. Mennene til Saul fortalde kongen kva David hadde svara.

25. Då sa Saul: «Gå og sei til David at kongen ikkje vil ha noka anna festargåve enn forhuda av hundre filistrar; slik vil han hemna seg på fiendane sine.» For Saul rekna med at filistrane kom til å drepa David.

1. Samuelsbok 18