1. Samuelsbok 17:11-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Då Saul og alle israelittane høyrde kva filistaren sa, vart dei svært redde og mista motet.

12. David var son til Isai, som høyrde til Efrat-slekta frå Betlehem i Juda. Denne mannen hadde åtte søner. På Sauls tid var Isai gammal og skral.

13. Dei tre eldste sønene hans hadde følgt Saul i krigen. Den eldste av desse tre sønene som hadde gått i krigen, heitte Eliab, den andre Abinadab og den tredje Sjamma.

14. David var den yngste. Dei tre eldste hadde følgt Saul.

15. Men David gjekk ofte heim att frå Saul for å gjeta småfeet til far sin i Betlehem.

16. Morgon og kveld kom filistaren fram. I førti dagar baud han seg fram til kamp.

17. Då sa Isai til David, son sin: «Ta med ein efa av dette steikte kornet og desse ti brøda og skund deg til brørne dine i leiren!

18. Og desse ti ostestykka skal du ha med til tusenmannsføraren. Finn ut korleis det står til med brørne dine, og få med deg eit teikn frå dei!

19. Dei og alle dei andre israelittane er hos Saul i Ela-dalen og fører krig mot filistrane.»

20. Morgonen etter stod David tidleg opp og overlét småfeet til ein gjetar. Så tok han det han skulle ha med, og gjekk i veg slik Isai hadde sagt han. Då han kom til leiren, gjekk hæren nett ut og stilte seg opp, og krigsropet ljoma.

21. Både israelittane og filistrane stilte seg opp, front mot front.

22. David la sakene sine frå seg hos vaktaren som hadde tilsyn med krigsutstyret. Så sprang han bort til hæren, fann brørne sine og helsa på dei.

1. Samuelsbok 17