1. Samuelsbok 16:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Samuel: «Kor lenge vil du sørgja over Saul? Eg har vraka han som konge over Israel. Fyll hornet ditt med olje og gå! Eg sender deg til Isai i Betlehem, for eg har sett meg ut ein av sønene hans til konge.»

2. Samuel svara: «Korleis kan eg fara dit? Får Saul høyra det, drep han meg.» Då sa Herren: «Ta med deg ei kvige og sei at du kjem og vil ofra til Herren.

3. Bed så Isai til ofringa! Sidan lèt eg deg vita kva du så skal gjera. Du skal salva for meg han eg viser deg.»

4. Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Kjem du i fredeleg ærend?»

5. Han svara: «Ja, eg er komen for å ofra til Herren. Gjer dykk reine og heilage og ver med meg til ofringa.» Så helga han Isai og sønene hans og bad inn til høgtida.

6. Då dei så kom og han fekk sjå Eliab, sa han til seg sjølv: «Her, framfor Herren, står no hans salva.»

7. Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren, for eg har vraka han. Her gjeld ikkje det som menneske ser. For menneska ser det som auga ser, men Herren ser på hjartet.»

8. Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»

9. Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»

10. Slik lét Isai dei sju sønene gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11. Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Han er ute og gjeter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi set oss ikkje til bords før han kjem.»

12. Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt, hadde vakre auge og var vakker å sjå til. Herren sa: «Reis deg og salva han! For han er det.»

13. Då tok Samuel hornet med olje og salva han midt mellom brørne hans. Frå den dagen kom Herrens ande over David og var med han sidan. Så braut Samuel opp og drog heim att til Rama.

1. Samuelsbok 16