1. Samuelsbok 15:5-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Då Saul kom til amalekitt-byen, la han seg i bakhald i det tørre elveleiet.

6. Til kenittane sa han: «Skil lag med amalekittane og dra bort, så eg ikkje gjer ende på dykk saman med dei. For de var gode mot israelittane då dei drog opp frå Egypt.» Då skilde kenittane lag med amalekittane.

7. Saul slo amalekittane og forfølgde dei frå Havila til bortimot Sjur, som ligg like ved Egypt.

8. Han fanga amalekittkongen Agag levande. Han slo alt folket med bann og hogg dei ned med sverd.

9. Men Saul og mennene hans sparte Agag og det beste av småfeet og storfeet, gjøfeet og lamma. Alt som var noko verdt, sparte dei og ville ikkje slå det med bann. Men alt som var verdlaust og ringt, bannlyste dei.

10. Då kom Herrens ord til Samuel:

11. «Eg angrar at eg gjorde Saul til konge, for han har vendt seg bort frå meg og ikkje gjort som eg har sagt.» Då vart Samuel harm og ropa til Herren heile natta.

12. Morgonen etter stod han tidleg opp for å møta Saul. Då vart det meldt til Samuel: «Saul kom til Karmel, og der reiste han eit minnesmerke over seg sjølv. Så braut han opp og drog nedover til Gilgal.»

13. Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna er du av Herren! Eg har gjort som Herren har sagt.»

14. Men Samuel sa: «Kva er det for breking som læt for øyra mine, og kva er det for rauting eg høyrer?»

15. «Det er nokre dyr dei har teke frå amalekittane», svara Saul. «Krigsfolket sparte det beste av småfeet og storfeet for å ofra det til Herren din Gud, men resten har vi bannlyst.»

16. Då sa Samuel til Saul: «Hald opp! Eg skal fortelja deg kva Herren har sagt til meg i natt.» «Sei det!» svara Saul.

17. Samuel sa: «Sjølv om du er liten i eigne auge, er du likevel overhovud for Israels stammar! Herren salva deg til konge over Israel.

18. Han sende deg i veg og sa: Gå og bannlys amalekittane, desse syndige, og kjemp mot dei til du har gjort ende på dei!

1. Samuelsbok 15