1. Samuelsbok 15:32-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Sidan sa Samuel: «Før Agag, amalekittkongen, hit til meg.» Skjelvande gjekk Agag fram for han og sa: «Sanneleg, beisk er døden!»

33. Samuel svara:«Som sverdet ditt reiv borna bort frå mødrene,skal di mor bli barnlaus, meir enn andre kvinner.»Så hogg Samuel Agag ned for Herrens andlet i Gilgal.

34. Deretter gjekk Samuel til Rama, og Saul drog heim att til Sauls Gibea.

35. Til sin dødsdag såg Samuel aldri Saul att, for han sørgde over Saul.Men Herren angra at han hadde gjort Saul til konge over Israel.

1. Samuelsbok 15