1. Samuelsbok 15:13-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

13. Då Samuel kom til Saul, sa Saul til han: «Velsigna er du av Herren! Eg har gjort som Herren har sagt.»

14. Men Samuel sa: «Kva er det for breking som læt for øyra mine, og kva er det for rauting eg høyrer?»

15. «Det er nokre dyr dei har teke frå amalekittane», svara Saul. «Krigsfolket sparte det beste av småfeet og storfeet for å ofra det til Herren din Gud, men resten har vi bannlyst.»

16. Då sa Samuel til Saul: «Hald opp! Eg skal fortelja deg kva Herren har sagt til meg i natt.» «Sei det!» svara Saul.

17. Samuel sa: «Sjølv om du er liten i eigne auge, er du likevel overhovud for Israels stammar! Herren salva deg til konge over Israel.

18. Han sende deg i veg og sa: Gå og bannlys amalekittane, desse syndige, og kjemp mot dei til du har gjort ende på dei!

19. Kvifor lydde du ikkje Herrens ord, men kasta deg over byttet og gjorde det som var vondt i Herrens auge?»

20. Saul svara: «Eg lydde Herrens ord og gjekk den vegen Herren sende meg. Eg førte Agag, amalekittkongen, hit og slo amalekittane med bann.

21. Men krigsfolket tok småfe og storfe av byttet, det beste av det som var bannlyst, og ville ofra det til Herren din Gud her i Gilgal.»

22. Då sa Samuel:«Har Herren si glede i brennoffer og slaktofferlike mykje som i lydnad mot Herrens ord?Nei, å lyda er betre enn slaktoffer,å høyra etter er betre enn feitt av vêrar.

23. Trass er som spådomssynd,og stridlynde er som avgudsdyrking.Fordi du har vraka Herrens ord,har han vraka deg som konge.»

24. Då sa Saul til Samuel: «Eg har synda, for eg har brote Herrens bod og dine ord. Eg var redd folket og gav etter for dei.

25. Men tilgjev no mi synd og ver med meg attende, så eg kan tilbe Herren.»

26. Men Samuel svara: «Eg vil ikkje vera med deg attende. For du har vraka Herrens ord, og Herren har vraka deg. Du skal ikkje lenger vera konge over Israel.»

27. Dermed snudde Samuel seg og ville gå. Men Saul greip tak i kanten på kappa hans, så ho rivna.

28. Då sa Samuel til han: «I dag har Herren rive kongedømet over Israel frå deg og gjeve det til ein annan, ein som er betre enn du.

29. Han som er Israels ære, lyg ikkje og angrar ikkje. For han er ikkje eit menneske, ein som angrar.»

1. Samuelsbok 15