36. Sidan sa Saul: «Lat oss dra nedover og setja etter filistrane i natt og plyndra dei til det gryr av dag. Ikkje ein einaste ein av dei skal bli att.» Dei svara: «Gjer i alle måtar som du synest.» Men presten sa: «Lat oss først stiga fram for Gud!»
37. Så bad Saul Gud om råd: «Skal eg fara nedover etter filistrane? Vil du gje dei i Israels hender?» Men Gud svara han ikkje den dagen.
38. Då sa Saul: «Kom hit, alle leiarar i folket! Ransak og finn ut kva det er for ei synd som er gjord i dag.
39. For så sant Herren lever, han som gjev Israel siger: Om det så er Jonatan, min eigen son, som ber skulda, skal han døy.» Men ikkje ein i hæren svara han.
40. Då sa han til heile Israel: «Still dykk på den eine sida, så skal eg og Jonatan, son min, stå på den andre.» Folket svara: «Gjer som du synest.»
41. Då sa Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanninga koma fram!» Og loddet fall på Jonatan og Saul, men folket gjekk fritt.
42. Så sa Saul: «Kast lodd mellom meg og Jonatan, son min.» Og loddet fall på Jonatan.