4. Heile Israel fekk høyra at Saul hadde slege vaktstyrken til filistrane, og at filistrane hadde lagt israelittane for hat. Då vart folket kalla ut for å følgja Saul til Gilgal.
5. Filistrane samla seg til strid mot Israel med tre tusen vogner og seks tusen ryttarar og med fotfolk så mange som sanden på havsens strand. Dei drog opp og slo leir ved Mikmas, aust for Bet-Aven.
6. Israelittane vart hardt pressa, og då dei såg kor farleg det vart, gøymde nokre seg i hòler og tornebuskar, i fjellkløfter, underjordiske gangar og brønnar,
7. medan andre rømde over Jordan til landområda i Gad og Gilead.Saul var framleis i Gilgal, og heile folket følgde han, skjelvande av redsle.
8. Han venta i sju dagar, til den tida Samuel hadde fastsett. Men Samuel kom ikkje til Gilgal, og folket tok til å spreia seg og gå frå Saul.
9. Då sa han: «Kom hit med brennofferet og fredsoffera!» Så bar han fram brennofferet.
10. Han var nett ferdig med å ofra då Samuel kom. Og Saul gjekk til møtes med han for å helsa han velkomen.
11. Samuel sa: «Kva har du gjort?» Saul svara: «Eg såg at folket spreidde seg og gjekk frå meg. Du kom ikkje til fastsett tid, og filistrane samla seg ved Mikmas.
12. Då tenkte eg: No kjem filistrane ned til Gilgal og går til åtak på meg utan at eg har bede om velvilje for Herrens andlet. Difor våga eg meg til å bera fram brennofferet.»